Gi din sjel tilbake det tankene aldri kan

"Arkana" er Kjetil Saunes sin tredje musikk-CD. Arkanum er latinsk for løyndom/mysterium - frå gamalt også eit legemiddel med hemmeleg samansetning.

Tekst: Leiv Arne Grimstad (Vikebladet Vestposten, 2000)

Når den siste summerandre CD-låten har tittelen "Arkana Humana", må føremålet med dei ni songane vere å teikne eit bilde av det uteiknelege legemiddelet for mennesket. CD-en utforskande i tekst og musikkuttrykk, men Saunes summerer ein parole i sluttstrofene av den nemnde avslutningssongen:

Så på det levende land, gi din sjel tilbake det tankene aldri kan, gå inn og kjenn deg frem, hold deg ved tamperaturer rundt 37,5.

Kjetil Saunes vokste opp i Oslo under vengene til song- og musikkglade foreldre frå Ulsteinvik. Og det slår meg at avstanden til kunstmålaren Håvard Vikhagen - som er Kjetil sitt søskenbarn - ikkje er lang.

Frognerbadet er våtest om natten.

mener Saunes i songen "Alt er nok". Opplagt usant, men likevel ein følt realitet. Og strofa

alt er nok hvis vi finner tilbake til Lite,

er eit hint om at det er kvaliteten, og ikkje kvantiteten, som kan gi oss legedom.

En stålen time ved stupebassenget med klorvann i sval turkis,

heiter det konkret og poetisk i same song. Slagverks-anslag - som på harde grytelok - og mjukdyster gitarelektronikk skaper eit oslosk storbyteppe under det heile - og særleg føler vi dette teppet i nattsongen "Borteby spiller plutonium":

Lyd av nesten tomme tog i byens undergrunn. Et dempet stille leven under jorden. Som brølehvisk og ekko fra byens egen munn. Det stiger fra tunnelene som plutoniske svell.

I "Hold deg våken" sier sluttstrofa:

Alltid hvileløse steg, bort fra den evige jeger. Det finnes ikke fred for den som lever for sin heder.

Nei, freden ligg ikkje i heideren, men i opninga mot livet:

Ein gong var verda ung og open, hevdar Saunes i sluttmelodien "Arkana Humana". -

før tanken grådig skilte kropp og sjel, mens ennå alt var ett og mennesket var helt.

Saunes lagar uopplagt musikk. Han skriv ikkje for Melodi Grand Prix, men om det under- og bakanforliggande. Som vi står midt oppe i. "Arkana" er eit spennande prosjekt. Men les tekstene!

På slutten av CD-en blir det stilt i fleifaldige minutt, men let du skiva ligge og svelle i deg utan å setje på ei ny, får du høyre Kjetil Saunes synge den uutseieleg vakre Hans Børli-teksta "Vandrersken" til tone av Ketil Bjørnstad. Det er opptekne av noko av det same, Saunes og Børli.
Tilbake til oversikten